Vis fleire tastaturoppsett på innloggingsskjermen
Du kan endre tastaturoppsettet til systemet og leggje til alternative tastaturoppsett som brukarane kan velje mellom på innloggingsskjermen. Det kan vere nyttig for brukarar som vanlegvis brukar andre tastaturoppsett enn standardoppsettet, og som vil ha desse oppsetta tilgjengelege på innloggingsskjermen.
Endre tastaturoppsettet til systemet
Finn kodane for dei ønskte språkoppsetta i fila /usr/share/X11/xkb/rules/base.lst under seksjonen ! layout.
-
Bruk verktøyet localectl til å endre tastaturoppsettet til systemet slik:
localectl set-x11-keymap layoutDu kan oppgje fleire oppsett som ei kommaseparert liste. For å setje til dømes es som standardoppsett og us som sekundært oppsett køyrer du denne kommandoen:
$ localectl set-x11-keymap es,us Logg ut, så ser du at dei definerte oppsetta er tilgjengelege i topplinja på innloggingsskjermen.
Merk at du òg kan bruke verktøyet localectl til å oppgje standard tastaturmodell, variant og val for heile maskina. Sjå man-sida localectl(1) for meir informasjon.
Vis fleire tastaturoppsett utan å bruke localectl
På system som ikkje har verktøyet localectl, kan du endre tastaturoppsettet til systemet ved å redigere ei oppsettfil i /usr/share/X11/xorg.conf.d/.
Endre tastaturoppsettet til systemet
Finn kodane for dei ønskte språkoppsetta i fila /usr/share/X11/xkb/rules/base.lst under seksjonen ! layout.
-
Legg til oppsettkodane i /usr/share/X11/xorg.conf.d/10-evdev.conf slik:
Section "InputClass" Identifier "evdev keyboard catchall" MatchIsKeyboard "on" MatchDevicePath "/dev/input/event*" Driver "evdev" Option "XkbLayout" "en,fr" EndSectionFleire oppsett kan leggjast til som ei kommaseparert liste, slik det er vist i dømet for engelsk (en) og fransk (fr) oppsett.
Logg ut, så ser du at dei definerte oppsetta er tilgjengelege i topplinja på innloggingsskjermen.