Bla gjennom GSettings-verdiar for appane dine

Det finst to verktøy du kan bruke til å bla gjennom system- og app-innstillingar som er lagra som GSettings-verdiar, det grafiske verktøyet dconf-editor og kommandolinjeverktøyet gsettings.

Både dconf-editor og gsettings lèt deg òg endre innstillingar for den noverande brukaren.

Merk at desse verktøya alltid arbeider med GSettings-databasen til den gjeldande brukaren, så du bør ikkje køyre dei som root.

Både dconf-editor og gsettings krev ein D-Bus-øktbuss for å gjere endringar. Dette er fordi dconf-tenesta må startast via D-Bus.

Du kan få den nødvendige øktbussen ved å køyre gsettings under dbus-launch-verktøyet, slik:

$ dbus-launch gsettings set org.gnome.desktop.background draw-background true

dconf-editor kan vere betre å bruke om du ikkje kjenner innstillingane i ein app. Han viser hierarkiet av innstillingar i ei trevising og viser òg tilleggsinformasjon om kvar innstilling, mellom anna skildring, type og standardverdi.

gsettings er kraftigare enn dconf-editor. Bash-fullføring er tilgjengeleg for gsettings, og du kan skrive skript som inkluderer gsettings-kommandoar for automatisert oppsett.

For ei fullstendig liste over val for gsettings, sjå man-sida gsettings(1).