Viser bilete
Forstørring og forminsking
Brukaren kan forstørre med knappen Forstørr () og forminske med knappen Forminsk (
).
Peikeplate- og berøringsskjermbrukarar kan også zoome med ein knipetekst med to fingrar. På peikeplater er det også mogleg å zoome ved å halde inne Ctrl-tasten medan du sveiper opp/ned med to fingrar på peikeplata.
Panorering
Brukare av mus og peikeplate kan flytte på utsnittet når dei har zooma inn ved å klikke og dra på biletet. Brukare av berøringsskjerm kan bruke eit enkelt-finger-dreg-geste for å flytte på utsnittet.
Roterer
Brukarar kan bruke knappane Roter mot høgre () og Roter mot venstre (
) under Roter i hovudmenyen til å rotere med og mot klokka.
Brukare av peikeplate og berøringsskjerm kan også bruke ein roteringsgest med to fingrar.
Fullskjerm
Biletvisaren har ein enkel fullskjermmodus. Brukarar kan veksle fullskjermmodus ved å trykkje på Fullskjerm ( /
) knappen.
Tastaturbrukarar kan også bruke dei tilsvarande snarvegane som vert viste i Tastatursnarvegar-vindauget.