Opnar bilete
Opnar filer
Frå filveljaren
Biletvisaren lèt brukarar velje bilete med filveljaren når som helst.
Trykk på knappen Opna filer …, menyelementet Opna … eller trykk Ctrl+O. Opna bilete-vindauget vert vist.
Vel biletet du vil opne, og klikk deretter Opne.
Biletvisaren vil opne med det valde biletet synleg, og dei andre bileta i mappa kan nåast ved å bla.
Frå filbehandlaren
Brukaren kan også opne bilete i Loupe direkte frå filbehandlaren sin.
Opne den føretrukne filbehandlaren din.
Naviger til biletet du vil sjå i Loupe.
Viss biletvisaren er vald som standard biletvisar, brukar du filhandteraren sin funksjon for å opne filer.
Viss Biletvisar ikkje er standard biletvisar, må du velje Opna med … eller liknande i filhandteraren, og velje Biletvisar.
Dra & slepp
Biletvisaren tek òg imot lokale bilete som vert dregne frå andre appar.
I kjeldeappen byrjar du å dra biletet.
Dra biletet over hovudvindauget til Loupe. Eit blått utheva område skal dukke opp.
Slepp biletet medan det framleis vert vist over hovudvindauget.
Nettlesar
Når du opnar eit bilete frå filveljaren eller filbehandlaren, vil Loupe laste andre filer i foreldremappa til biletet og sortere dei i alfabetisk rekkjefølgje. Brukarar kan bla gjennom andre bilete i mappa med knappane Førre bilete () og Neste bilete (
).
Tastaturbrukarar kan også bruke dei tilsvarande snarvegane som vert viste i Tastatursnarvegar-vindauget.