Kan eg sjå alle loggane?

Du vil kunne bla gjennom nokre meldingar som har vorte logga sidan førre omstart, avhengig av kva tilgangar du har. Nokre av tilgangane dine er fastsette av distribusjonen din, men dei kan endrast av systemadministratoren.

Som standard får Standard-brukarar sjå eit avgrensa utval av loggar, slik som apploggar og loggane frå sine eigne økter. Dersom du er Standard-brukar og ikkje ser nokon loggar, kan det vere at systemadministratoren din har slått av høvet ditt til å sjå loggar.

Administrator-brukarar kan vanlegvis sjå meir sensitive loggar, slik som kjerneloggar og loggane til andre brukarar. Administratorar kan ha ulike tilgangsnivå til loggane, så det kan hende du ikkje kan sjå alle. Dersom du er Administrator-brukar, kan berre andre administratorar endre kva loggar du har tilgang til. Du finn meir om tilgang til loggar på man-sida systemd-journald.