Andre personar kan ikkje spele av videoane eg laga
Viss du har laga ein video på Linux-datamaskina di og sendt han til nokon som brukar Windows eller Mac OS, kan det hende at dei har problem med å spele av videoen.
For å kunne spele av videoen din, må personen du sende den til ha dei rette kodekane installerte. Ein kodek er eit lite program som veit korleis den skal ta videoen og vise den på skjermen. Det finst mange ulike videoformat og kvart av dei krev ein eigen kodek for å kunne spelast av. Du kan sjekke kva format videoen din har ved å gjere:
Opne Filer frå Aktivitetar-oversynet.
Høgreklikk på videofila og vel Eigenskapar.
Gå til Lyd/video eller Video og sjå kva Kodek som er oppførte under Video og Lyd (viss videoen også har lyd).
Spør personen som har problem med avspeling om dei har den rette kodeken installert. Det kan vere nyttig å søkje på nettet etter namnet på kodeken pluss namnet på videoavspelingsappen deira. Dersom videoen din til dømes brukar Theora-formatet og du har ein ven som brukar Windows Media Player og prøver å sjå han, søk etter «theora windows media player». Ofte kan du laste ned den rette kodeken gratis dersom han ikkje er installert.
Viss du ikkje finn rett kodek, prøv VLC media player. Det fungerer på Windows og Mac OS så vel som Linux, og støttar mange ulike videoformat. Om det ikkje går, prøv å konvertere videoen til eit anna format. Dei fleste videoeditorar kan gjere dette, og spesifikke video-konverteringsappar er tilgjengelege. Sjekk programvare-installatøren for å sjå kva som er tilgjengeleg.
Det kan vera eit par andre problem som kan hindre nokon i å sjå videoen din. Videoen kan ha vorte skada då du sende han til dei (stundom vert store filer ikkje kopierte perfekt), dei kan ha problem med videoavspelaren sin, eller videoen kan ikkje ha vorte oppretta skikkeleg (det kan ha vorte feil då du lagra videoen).