Datamaskina mi vil ikkje slå seg på

Det er fleire grunnar til at datamaskina di ikkje vil slå seg på. Dette emnet gjev eit kort overblikk over nokre av dei moglege grunnane.

Datamaskina er ikkje kopla til, batteriet er tomt, eller kabelen sit laust

Sjå til at straumkablane til datamaskina er godt plugga i og at straumuttaka er slått på. Sjå til at skjermen også er plugga i og slått på. Har du berbar datamaskin, kople til ladaren (i tilfelle batteriet er tomt). Du vil kanskje også sjekke at batteriet er korrekt montert (sjekk undersida av den berbare datamaskina) om det kan fjernast.

Problem med datamaskinvare

Ein komponent på datamaskina di kan vere øydelagd eller fungere feil. Dersom det er tilfelle, må du få datamaskina reparert. Vanlege feil inkluderer eit øydelagt straumforsyningsaggregat, feilmonterte komponentar (som minnet eller RAM) og eit feilande hovudkort.

Datamaskina pip og slår seg så av

Viss datamaskina pip fleire gongar når du slår ho på og deretter slår seg av (eller ikkje startar), kan det tyde på at det er oppdaga eit problem. Desse pipa vert av og til kalla pipar-kodar, og mønsteret av pip er meint å fortelje deg kva problemet med datamaskina er. Ulike produsentar brukar ulike pipar-kodar, så du må sjå i bruksanvisinga for datamaskina sitt hovudkort, eller levere datamaskina til reparasjon.

Datamaskinviftene snurrar, men ingenting er på skjermen

Det fyrste du bør sjekke er at skjermen er kopla til og slått på.

Dette problemet kan også skuldast ein maskinvarefeil. Viftene kan slå seg på når du trykkjer på straummknappen, men andre viktige delar av datamaskina kan utebli å slå seg på. I så tilfelle bør du levere datamaskina til reparasjon.