Datamaskina vert varm
Dei fleste datamaskinar vert varme etter ei stund, og nokre kan verte ganske varme. Dette er normalt: det er berre ein del av måten datamaskinen kjøler seg sjølv på. Men om datamaskinen din vert svært varm, kan det vere eit teikn på at han vert overopphita, noko som kan føre til skade.
Dei fleste berbare datamaskinar vert rimeleg varme når du har brukt dei ei stund. Det er som regel ingenting å bekymre seg for — datamaskinar produserer mykje varme og berbare datamaskinar er svært kompakte, så dei må fjerne varmen raskt og ytterskalet vert varmt som eit resultat. Nokre berbare datamaskinar vert likevel for varme og kan vere ubehagelege å bruke. Dette er vanlegvis resultatet av eit dårleg utforma kjølesystem. Du kan av og til få ekstra kjøletilbehør som passar til botnen av den berbare datamaskina og gir meir effektiv kjøling.
Viss du har ein stasjonær datamaskin som kjennest varm, kan det hende at kjølinga ikkje er god nok. Viss dette uroar deg, kan du kjøpe ekstra kjølevifter eller sjekke at kjølevifter og ventilasjon er frie for støv og andre blokkeringar. Du kan òg vurdere å setje datamaskinen i eit område med betre ventilasjon — om han vert ståande innelåst (til dømes i eit skap), kan kjølesystemet i datamaskinen verte for tregt til å fjerne varme og sirkulere kald luft.
Somme er bekymra for helserisikoen ved å bruke varme berbare datamaskinar. Det finst forslag om at langvarig bruk av ei varm bærberbar datamaskin på fanget kan redusere fruktbarheita, og det er rapportar om mindre brannsår (i ekstreme tilfelle). Dersom du er bekymra for desse potensielle problema, kan du gjerne rådføre deg med ein lege. Du kan sjølvsagt berre velje å ikkje kvile den berbare datamaskina på fanget.
Dei fleste moderne datamaskinar slår seg sjølv av om dei vert for varme, for å hindre at dei vert skadde. Om datamaskina di stadig slår seg av, kan dette vere årsaka. Om datamaskina di vert for varm, må du truleg få reparert.