Opne filer med andre appar

Når du dobbeltklikkar (eller midtklikkar) ei fil i filhandsamaren, vert ho opna med standardappen for den filtypen. Du kan opne ho i ein annan app, søkje etter appar på nett, eller setje standardappen for alle filer av same type.

For å opne ei fil med ein annan app enn standard, høgreklikk på fila og vel appen du ønskjer øvst i menyen. Om du ikkje ser appen du ønskjer, vel Opne med …. Som standard viser filhandsamaren berre appar som er kjende for å kunne handtere fila. For å sjå gjennom alle appane på datamaskina, klikk Vis alle appar.

Om du framleis ikkje finn appen du vil ha, kan du søkje etter fleire appar ved å klikke Finn nye appar. Filhandsamaren vil søkje på nettet etter pakkar som inneheld appar som er kjende for å handsame filer av den typen.

Endre standardappen

Du kan endre standardappen som vert brukt til å opne filer av ein bestemt type. Dette gjer at du kan opne den appen du føretrekk når du dobbeltklikkar for å opne ei fil. Til dømes vil du kanskje at favorittmusikkspelaren din skal opne seg når du dobbeltklikkar på ei MP3-fil.

  1. Vel ei fil av den typen som har den standardappen du vil endre. Til dømes, for å endre kva app som vert brukt til å opne MP3-filer, vel ei .mp3-fil.

  2. Høgreklikk på fila og vel Eigenskapar.

  3. Vel Opne med-fana.

  4. Vel appen du vil og klikk Set som standard.

    Viss Andre appar inneheld ein app du av og til vil bruke, men ikkje vil gjere til standard, vel du den appen og klikkar på Legg til. Dette legg han til i Tilrådde appar. Du vil då kunne bruke denne appen ved å høgreklikke på fila og velje han frå lista.

Dette endrar standard app ikkje berre for den valde fila, men for alle filer av same type.