Paringsinstruksjonar for spesifikke einingar
Sjølv om du klarer å få tak i bruksanvisinga til eit apparat, kan det hende at den ikkje inneheld nok informasjon til å gjere paring mogleg. Her er detaljar for nokre vanlege apparat.
- PlayStation 5-kontrollar
Hald inne
-knappen, trykk på
-knappen til lysstripa blinkar slik at det vert synleg og kople det saman som alle andre blåtanneiningar.
- PlayStation 4-kontrollar
-
Ved å bruke
og «Del»-knappen kan du også gjere kontrollaren synleg og kople den til som kva som helst anna blåtanneining.
Dei einingane kan også bruke «kabel-paring». Kople joypadane til via USB med Blåtanninnstillingar opne, og blåtann slått på. Du vert spurd om du vil setje opp desse joypadane utan å måtte trykkje på
-knappen. Kople dei frå og trykk på
for å bruke dei over blåtann.
- PlayStation 3-kontrollar
Desse einingane brukar «kabel-paring». Kople til joypaddane via USB med Blåtanninnstillingar opne, og blåtann påslått. Etter å ha trykt på
-knappen, vert du spurd om du vil setje opp desse joypaddane. Kople dei frå og
-knappen for å bruke dei over blåtann.
- PlayStation 3 fjernkontroll for Blu-ray-avspelar
Hald knappane «Start» og «Enter» samtidig i om lag 5 sekund. Du kan deretter velje fjernkontrollen i einingslista som vanleg.
- Nintendo Wii og Wii U-fjernkontrollar
Bruk den raude «Synkroniser»-knappen inne i batterirommet for å byrje paringsprosessen. Andre knappekombinasjonar vil ikkje behalde paringsinformasjon, så du må gjere det heile på nytt i kort tid. Merk også at noko programvare som konsol-emulatorar vil krevje direkte tilgang til fjernkontrollane, og i slike tilfelle bør du ikkje setje dei opp i blåtannpanelet. Sjå appen si bruksanvising for instruksar.
- ION iCade
Hald inne dei nedre 4 knappane og den øvste kvite knappen for å byrje paringsprosessen. Når paringsinstruksjonane kjem opp, sørg for å berre bruke himmelretningane til å taste koden, etterfølgt av ein av dei 2 kvite knappane heilt til høgre på arkadespaken for å stadfeste.