Slå av fillagring

Du kan slå av vindauga Lagre og Lagre som. Det kan vere nyttig om du gjev ein brukar mellombels tilgang, eller ikkje vil at brukaren skal lagre filer på datamaskina.

Denne funksjonen vil berre fungere i appar som støttar han! Ikkje alle GNOME- og tredjepartsappar har denne funksjonen aktivert. Endringane har ingen verknad på appar som ikkje støttar denne funksjonen.

Slå av fillagring

  1. Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/user

    user-db:user
    system-db:local

    local er namnet på ein dconf-database.

  2. Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.

  3. Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-filesaving for å gje informasjon til local-databasen.

    /etc/dconf/db/local.d/00-filesaving

    # Oppgje dconf-stien
    [org/gnome/desktop/lockdown]
    
    # Hindre brukaren i å lagre filer på disk
    disable-save-to-disk=true
  4. For å hindre at brukaren overstyrer desse innstillingane, lagar du fila /etc/dconf/db/local.d/locks/filesaving med dette innhaldet:

    /etc/dconf/db/local.d/locks/filesaving

    # Lås innstillingane for fillagring
    /org/gnome/desktop/lockdown/disable-save-to-disk
  5. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update
  6. Brukaren må logge ut og inn på nytt før systeminnstillingane vert gjeldande.