Set opp sporingstype for Wacom-brettet

Teikneplatemodus avgjer korleis stilusen vert kartlagd til skjermen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Wacom-brettet.

  2. Klikk på Wacom-brettet for å opne vindauget.

    Om ingen nettbrett vert oppdaga, vert du bedt om å Kopla til eller slå på Wacom-teikneplata di. Klikk Blåtann i sidefeltet for å kople til eit trådlaust nettbrett.

  3. Vel mellom nettbrett- (eller absolutt) og peikeplate- (eller relativ) modus. For nettbrett-modus, slå på Teikneplatemodus.

I absolutt modus svarar kvart punkt på nettbrettet til eit punkt på skjermen. Øvst til venstre på skjermen svarar til dømes alltid til same punktet på nettbrettet.

I relativ modus, viss du lyftar stilusen frå brettet og legg han i ei anna stilling, flyttar ikkje peikaren på skjermen seg. Slik fungerer ein mus.