Bruk ein annan mikrofon
Du kan bruke ein ekstern mikrofon for å chatte med vener, snakke med kollegaer på jobb, lage stemmeopptak eller bruke andre multimedi-appar. Sjølv om datamaskina di har ein innebygd mikrofon eller eit webkamera med mikrofon, gjev ein separat mikrofon som regel betre lydkvalitet.
Har mikrofonen din ein sirkulær kontakt, set du han berre inn i den rette lydkontakten på datamaskina di. Dei fleste datamaskinar har to kontaktar: ein for mikrofonar og ein for høgtalarar. Denne kontakten er vanlegvis lys raud eller har eit bilete av ein mikrofon ved sida av seg. Mikrofonar som er sette inn i den rette kontakten, vert vanlegvis brukte som standard. Om ikkje, sjå instruksjonane nedanfor for å velje ein standard inndata.
Har du ein USB-mikrofon, set du han i ein USB-port på datamaskina. USB-mikrofonar fungerer som eigne lydinnretningar, og du må kanskje oppgi kva mikrofon som skal brukast som standard.
Vel ein standard lydinndataeining
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Lyd.
Klikk på Lyd for å opne panelet.
I Innlyd-delen vel du eininga du vil bruke. Inngåvnivåindikatoren skal reagere når du snakkar.
Frå dette panelet kan du justere lyden og slå av mikrofonen.