Låseskjermen

Sperreskjermen gjer at du kan sjå kva som skjer medan datamaskina di er låst, og han gjev deg eit samandrag av kva som har skjedd medan du har vore borte. Sperreskjermen gjev nyttig informasjon:

  • dato og klokkeslett, og visse varslingar

  • batteri- og nettverksstatus

For å låse opp datamaskina, klikkar du éin gong med musa eller peikeplata, eller trykkjer Esc eller Enter. Dette vil vise påloggingsskjermen, der du kan skrive inn passordet ditt for å låse opp. Alternativt kan du berre byrje å skrive passordet ditt, så vil påloggingsskjermen automatisk visast medan du skriv. Du kan òg byte brukar nede til høgre på påloggingsskjermen dersom systemet ditt er konfigurert for meir enn éin brukar.

For å skjule varsel frå låseskjermen, sjå Gøyme varsel på låst skjerm.