Endre dato- og måleformat
Du kan styre formata som vert brukte for dato, klokkeslett, tal, valuta og måling for å tilpasse dei lokale skikkane i din region.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Region og språk for å opne panelet.
I Kontoen din-delen, klikk på Format.
Under Vanlege format, vel regionen og språket som passar best med formatet du vil bruke.
Klikk Ferdig for å lagre.
Økta må startast på nytt for at endringane skal tre i kraft. Klikk Start på nytt …, eller logg inn att seinare.
Etter at du har valt ein region, viser området til høgre for lista ulike døme på korleis datoar og andre verdiar vert viste. Sjølv om det ikkje vert vist i døma, styrer regionen din òg startdagen for veka i kalendrar.
Dersom det er fleire brukarkontoar på systemet ditt, er det ein eigen seksjon for Innloggingsskjerm i Region og språk-panelet.