Lås skjermen automatisk

Når du forlèt datamaskina, bør du låse skjermen for å hindre at andre brukar skrivebordet ditt og får tilgang til filene dine. Om du av og til gløymer å låse skjermen, kan du ynskje at skjermen på datamaskina låser seg automatisk etter eit fastsett tidsrom. Dette vil bidra til å sikre datamaskina når du ikkje brukar ho.

Når skjermen din er låst, vil appane og systemprosessane dine halde fram med å køyre, men du må skrive inn passordet ditt for å byrje å bruke dei igjen.

For å stille inn kor lenge skjermen skal vere på før han låser seg automatisk:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Personvern og tryggleik.

  2. Vel Innstillingar ▸ Personvern og tryggleik frå resultata. Dette opnar Personvern og tryggleik-panelet.

  3. Vel Skjermlås for å opne panelet.

  4. Sjå til at Automatisk skjermlås er slått på, og vel deretter eit tidsrom frå rullegardinlista Forsinking for automatisk skjermlås.

Appar kan gje deg varsel som framleis vert vist på låseskjermen. Dette er praktisk, til dømes for å sjå om du har fått e-post utan å låse opp skjermen. Viss du er bekymra for at andre skal sjå desse varsla, slå av Varsel på låseskjerm. For fleire varselinnstillingar, sjå Varsel og varsellista.

Når skjermen din er låst, og du vil låse han opp, trykkjer du Esc, eller sveip opp frå botnen av skjermen med musa. Skriv deretter inn passordet ditt, og trykk Enter eller klikk Lås opp. Eller berre byrje å skrive passordet ditt, så vert låsegardinveggen automatisk lyfta medan du skriv.