Skriv berre visse sider

For å berre skrive ut bestemte sider frå dokumentet:

  1. Opne utskriftsvindauget ved å trykkje Ctrl+P.

  2. I Allment-fana vel du Sider frå Område-delen.

  3. Skriv inn sidetala du vil skrive ut i tekstboksen, separert med komma. Bruk bindestrek for å angi eit område med sider.

Døme: Viss du skriv «1,3,5-7» i tekstboksen Sider, vert side 1,3,5,6 og 7 skrive ut.