Skriv ut tosidig og fleirsidig oppsett
For å skrive ut på begge sider av kvart ark:
Opne utskriftsvindauget ved å trykkje Ctrl+P.
-
Gå til Sideoppsett-fana i utskriftsvindauget og vel eit alternativ frå rullegardinlista Tosidig. Dersom alternativet er deaktivert, er tosidig utskrift ikkje tilgjengeleg for skrivaren din.
Skrivarar handterer tosidig utskrift på ulike måtar. Det er lurt å eksperimentere med skrivaren din for å sjå korleis det fungerer.
Du kan òg skrive ut meir enn ei side av dokumentet per side papir. Bruk Sider per ark-innstillinga for å gjere dette.
Tilgjengelegheita til desse vala kan avhenge av kva skrivar du har, så vel som appen du brukar. Dette valet er kanskje ikkje alltid tilgjengeleg.