Kva skjer når eg set datamaskina i dvale?
Når du set på pause datamaskina, set du ho i dvale. Alle appane og dokumenta dine er framleis opne, men skjermen og andre delar av datamaskina vert slått av for å spare straum. Datamaskina er likevel framleis på, og vil framleis bruke ein liten mengde straum. Du kan vekkje ho ved å trykkje på ein tast eller klikke på musa. Om det ikkje fungerer, prøv å trykkje på straumknappen.
Somme datamaskinar har problem med maskinvarestøtte som gjer at dei kanskje ikkje kan setje seg i dvale på korrekt vis. Det er lurt å teste dvalemodus på din datamaskin for å sjå om det fungerer før du stolar på det.
Hugs alltid å lagre arbeidet ditt før du set maskina i dvale
Du bør lagre alt arbeidet ditt før du set datamaskina i dvale, i tilfelle noko går galt og dei opne appane og dokumenta dine ikkje kan gjenopprettast når du set datamaskina i drift igjen.