Legg til foreldrekontroll
Foreldre kan bruke Foreldrekontroll-appen for å hindre born i å få tilgang til skadeleg innhald.
Ein administrator kan bruke denne appen til:
Avgrens tilgangen til nettlesarar og appar for ein brukar.
Hindre ein brukar frå å installere appar.
Lat brukaren berre få tilgang til aldersadekvate appar.
Foreldrekontroll krev at app-ar vert installerte via Flatpak eller Flathub.
Avgrens nettlesarar
Foreldrekontroll gjer at ein administrator kan slå av nettlesartilgang for ein brukar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.
-
Vel Foreldrekontroll.
Valet vert berre synleg dersom Foreldrekontroll er installert og slått på.
Trykk på Lås opp-knappen.
Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.
Slå på Avgrens nettlesarar-brytaren.
Avgrens appar
Foreldrekontroll gjev ei liste over appar som ein administrator kan slå av.
Appar som alt er installerte (og ikkje via Flatpak) vil ikkje visast i denne lista.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.
-
Vel Foreldrekontroll.
Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.
Trykk på Lås opp-knappen.
Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.
Klikk på Avgrens appar.
Slå på brytaren ved sidan av appane du vil avgrense.
Avgrens installasjon av app
Foreldrekontroll gjev ein administrator høve til å nekte installasjonsrettar for ein brukar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.
-
Vel Foreldrekontroll.
Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.
Trykk på Lås opp-knappen.
Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.
Slå på Avgrens installasjon av appar-brytaren for å slå han på.
Avgrens app etter aldersgruppe
Avgrens kva appar som er synlege basert på kva som passar for ei bestemt aldersgruppe.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Under Andre brukarar, vel brukaren som du vil bruke kontrollane på.
-
Vel Foreldrekontroll.
Fana vert berre synleg viss Foreldrekontroll er installert og aktivert.
Trykk på Lås opp-knappen.
Skriv inn passordet ditt og stadfest for å låse opp Foreldrekontroll-vindauget.
Vel aldersgruppe frå rullegardinmenyen i Eignaheit for appar.