Opprett eit trådlaust hotspot

Du kan bruke datamaskina di som eit trådlaust hotspot. Dette gjer at andre einingar kan kople seg til deg utan eit separat nettverk, og gjer at du kan dele ein internettforbindelse du har laga med eit anna grensesnitt, som til eit kabla nettverk eller over mobilnettet.

  1. Opne systemmenyen frå høgresida av topplinja.

  2. Vel pilen til Wi‑Fi. Wi-Fi-delen av menyen vil utvide seg.

  3. Klikk Alle nettverk.

  4. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Slå på Wi‑Fi‑sone ….

  5. Dersom du allereie er kopla til eit trådlaust nettverk, vert du spurd om du vil kople frå det nettverket. Eit enkelt trådlaust nettverkskort kan berre kople til eller lage eitt nettverk om gongen. Klikk Slå på for å stadfeste.

Eit nettverksnamn (SSID) og tryggleiksnøkkel vert automatisk laga. Nettverksnamnet vert basert på namnet til datamaskina di. Andre einingar vil trenge denne informasjonen for å kople seg til hotspoten du nettopp har laga.

Du kan òg kople til det trådlause nettverket ved å skanne QR-koden på telefonen eller nettbrettet ditt ved hjelp av den innebygde kamera-appen eller ein QR-kodeskannar.