Kople til mobilt breiband
Du kan setje opp ei tilkopling til eit mobilnett (3G) med den innebygde 3G-modemet i datamaskina di, med mobiltelefonen din eller med ein Internett-dongle.
Dei fleste telefonar har ei innstilling som heiter USB-tethering som ikkje krev noko oppsett på datamaskina, og er som regel den beste metoden for å kople seg til mobilnettet.
Dersom du ikkje har eit innebygd 3G-modem, kan du kople telefonen eller Intern-pinnen til ein USB-port på datamaskina.
Opne systemmenyen frå høgresida av topplinja.
-
Vel Mobilt breiband av. Mobilt breiband-delen i menyen vert utvida.
Viss Mobilt breiband ikkje viser i systemmenyen, må du sørgje for at eininga ikkje er stilt inn til å kople til som Masselagring.
Vel Kople til. Om du koplar til for første gong, vert Set opp breibandstilkopling-assistenten lansert. Opningsskjermen viser ei liste over nødvendig informasjon. Klikk Neste.
Vel leverandørens land eller region frå lista. Klikk Neste.
Vel leverandøren din frå lista. Klikk Neste.
Vel ein plan etter kva type eining du koplar til. Dette vil avgjere Access Point Name. Klikk Neste.
Stadfest innstillingane du har valt ved å klikke på Bruk. Assistenten vil lukke seg og Nettverk-panelet vil vise eigenskapane til tilkoplinga di.