Kva er ei MAC-adresse?
Ei MAC-adresse er den unike identifikatoren som produsenten tildeler eit stykke nettverksprodukt (som eit trådlaust kort eller eit ethernet-kort). MAC står for Media Access Control, og kvar identifikatoren er meint å vere unik for ein bestemt eining.
Ein MAC-adresse består av seks sett med to teikn, kvar separert med eit kolon. 00:1B:44:11:3A:B7 er eit døme på ein MAC-adresse.
For å identifisere MAC-adressa til nettverksproduktet ditt:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk for kabla tilkopling eller Wi‑Fi for trådlaus tilkopling.
Klikk på Nettverk eller Wi‑Fi for å opne panelet.
Klikk på
-knappen ved sidan av den aktive tilkoplinga.
MAC-adressa til eininga vert vist som Maskinvareadresse i Detaljar-panelet.
I praksis kan det hende at du må endre eller «spoofe» ei MAC-adresse. Til dømes kan enkelte internettleverandørar krevje at ei bestemt MAC-adresse vert brukt for å få tilgang til tenesta si. Om nettverkskortet sluttar å virke, og du må byte til eit nytt kort, vil tenesta ikkje virke lenger. I slike tilfelle må du spoofa MAC-adressa.