Endre kva e-postapp som vert brukt til å skrive e-postar

Når du klikkar på ein knapp eller lenke for å sende ein ny e-post (til dømes i teksthandsamingsappen din), vil standard e-postapp opnast med ei tom melding, klar til at du kan skrive. Men om du har fleire e-postappar installerte, kan feil e-postapp opnast. Du kan fikse dette ved å endre kva for ein som er standard e-postapp:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Programvare.

  2. Vel Innstillingar ▸ Programvare frå resultata. Dette opnar Programvare-vindauget.

  3. Vel Standardprogram.

  4. Vel kva e-postklient du vil bruke som standard ved å endre E-post-innstillinga.