Endre kva nettlesar som opnar nettstader som standard

Når du klikkar på ei lenkje til ei nettside i ein app, vil ein nettlesar automatisk opne seg til den sida. Men om du har meir enn éin nettlesar installert, vil sida kanskje ikkje opne seg i den nettlesaren du ville ha den i. For å fikse dette, endrar du standardnettlesaren:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Appar.

  2. Vel Innstillingar ▸ Programvare frå resultata. Dette opnar Programvare-vindauget.

  3. Vel kva nettlesar du vil opne lenkjer med ved å endre Nett-innstillinga.

Når du opnar ein annan nettlesar, kan det hende at han fortel deg at han ikkje lenger er standardnettlesaren. Om dette skjer, klikk på Avbryt-knappen (eller tilsvarande) slik at han ikkje prøver å setje seg sjølv som standardnettlesar att.