Fil-eigenskapar
For å sjå informasjon om ei fil eller mappe, høgreklikk på ho og vel Eigenskapar. Du kan òg velje fila og trykkje Alt+Enter.
Vindauget for filopplysningane viser deg informasjon som filtype, filstorleik og når du sist endra fila. Om du ofte treng denne informasjonen, kan du få han vist i listevising-kolonnar eller ikontekst.
For visse filtypar, som bilete og videoar, vil det vere eit ekstra Eigenskapar-val som gjev informasjon som dimensjonar, lengd og kodek.
For Løyve-oppføringa, sjå Set filtilgangar.
Grunnleggjande eigenskapar
- Namn
-
Namnet på fila eller mappa.
For å gje eit fil nytt namn, sjå Gje nytt namn til ei fil eller mappe.
- Type
-
Dette hjelper deg å identifisere filtypen, som PDF-dokument, OpenDocument-tekst eller JPEG-bilete. Filtypen avgjer kva appar som kan opne fila, blant anna. Du kan til dømes ikkje opne eit bilete med ein musikkspelar. Sjå Opne filer med andre appar for meir informasjon om dette.
For å endre standardappen for å opne ein filtype, sjå Endre standardappen.
- Innhald
Dette feltet vert vist dersom du ser på eigenskapane til ei mappe i staden for ei fil. Det hjelper deg å sjå kor mange element som er i mappa. Dersom mappa inneheld andre mapper, vert kvar undermappe telt som eitt element, sjølv om ho inneheld fleire element. Kvar fil vert også telt som eitt element. Dersom mappa er tom, vil innhaldet vise ingenting.
- Storleik
-
Dette feltet vert vist viss du ser på ei fil (ikkje ei mappe). Filstorleiken fortel deg kor mykje diskplass ho tek. Dette er også ein indikator på kor lang tid det vil ta å laste ned ei fil eller sende ho i ein e-post (store filer tek lengre tid å sende/motteke).
Storleikar kan opplysast i bytes, KB, MB eller GB; i dei tre siste tilfella vil storleiken i bytes også stå i parentes. Ikkje minst er 1 KB 1024 bytes, 1 MB 1024 KB og så bortetter.
- Ledig plass
Dette vert berre vist for mapper. Det viser kor mykje ledig plass det er på disken der mappa ligg. Dette er nyttig for å sjekke om harddisken er full.
- Overliggande mappe
Plasseringa til kvar fil på datamaskina di vert gjeven av den absolutte stien. Dette er ei unik «adresse» til fila på datamaskina di, som består av ei liste over mappene du må gå inn i for å finne fila. Dersom Jim til dømes hadde ei fil kalla Resume.pdf i Home-mappa si, ville foreldremappa vere /home/jim og plasseringa vere /home/jim/Resume.pdf.
- Brukt
Dato og klokkeslett då fila sist vart opna.
- Endra
Dato og tidspunkt då fila sist vart endra og lagra.
- Oppretta
Dato og klokkeslett då fila vart oppretta.