Tilpass oppførsel for arbeidsområdet
Du kan styre korleis arbeidsområde oppfører seg på systemet ditt. To alternativ er tilgjengelege:
Dynamiske arbeidsområde: Dette er standardinnstillinga. Ho fjernar automatisk alle tomme arbeidsrom.
Fast tal på arbeidsområde: Med dette alternativet kan du definere eit bestemt tal på arbeidsområde.
For å velje ein arbeidsområdeåtferd, følg desse stega:
Opne Aktivitetar-oversynet og skriv Multitasking.
Vel Innstillingar ▸ Multitasking frå resultata.
Under Arbeidsområde, vel anten Dynamiske arbeidsområde eller Fast tal på arbeidsområde frå resultata.
Kontrollane + og - vert aktive når du vel Fast tal på arbeidsområde, slik at du kan velje talet på arbeidsområde.
Du kan også styre korleis arbeidsromma vert viste på system med fleire skjermar. Gå til Innstillingar ▸ Multitasking ▸ Fleirskjerm, og vel deretter eitt av følgjande alternativa:
Arbeidsområde berre på primærskjermen: Viser arbeidsområde berre på hovudskjermen din.
Arbeidsområde på alle skjermar: Viser arbeidsområde på alle skjermar som er kopla til systemet ditt.