Endre utsjånaden på skrivebordet ditt
Du kan endre utsjånaden på det som vert vist på skjermen ved å setje stilinnstillinga til lys eller mørk. Du kan velje eit bilete eller bakgrunnsbiletet som skrivebordet ditt.
Lyst eller mørkt utsjånad
For å byte mellom lyse og mørke skrivebordstilar:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Utsjånad.
Klikk på Utsjånad for å opne panelet. Den valt stilen vert vist øvst omgjeve av ei blå ramme.
Trykk for å velje Standard eller Mørk.
Innstillinga vert brukt med ein gong.
Bakgrunn
For å endre biletet som vert brukt til bakgrunnen din:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Utsjånad.
Klikk Utsjånad for å opne panelet. Det valde bakgrunnsbiletet vert vist øvst i førehandsvisinga for den gjeldande stilen.
-
Det finst to måtar å endre biletet som vert brukt til bakgrunnane dine:
-
Klikk på eitt av bakgrunnsbileta som følgjer med systemet.
Dei fleste bakgrunnsbileta har lyse og mørke versjonar, viste som miniatyrar delt i to.
Klikk Legg til bilete … for å bruke eit av eigne bileta dine. Som standard vert Bilete-mappa opna, sidan dei fleste bilethandsamingsappar lagrar bilete der.
-
-
Innstillingane vert brukte med det same.
For ein annan måte å setje eit av eigne bilete som bakgrunn, høgreklikk på bildefila i Filer og vel Bruk som bakgrunn …, eller opne bildefila i Biletesyning, klikk på menyknappen i tittellinja og vel Bruk som bakgrunn ….
Byt til eit tomt arbeidsområde for å sjå heile skrivebordet ditt.