Problem med minnekortlesar
Mange datamaskinar har lesarar for SD, MMC, SM, MS, CF og andre lagringsmedium. Desse bør automatisk verte oppdaga og monterte. Her er nokre feilsøkingssteg dersom dei ikkje vert det:
Sjå til at kortet vert sett inn rett veg. Mange kort ser ut som om dei står opp-ned når dei vert sett inn korrekt. Sjå òg til at kortet sit godt i sporet; enkelte kort, spesielt CF, krev litt kraft for å verte sett inn korrekt. (Ver forsiktig så du ikkje trykkjer for hardt! Om du møter motstand, ikkje bruk makt.)
Opne Filer frå Aktivitetar-oversynet. Viser det sette kortet seg i venstremargen? Av og til vert kortet vist i denne lista, men er ikkje montert; klikk på det éin gong for å montere. (Viss venstremargen ikkje er synleg, trykk F9 eller klikk på Filer i topplinja og vel Sidestolpe.)
Viss kortet ditt ikkje dukkar opp i sidefeltet, trykk Ctrl+L, skriv computer:/// og trykk Enter. Viss kortlesaren er rett oppsett, skal lesaren dukke opp som ein stasjon når det ikkje er noko kort til stades, og sjølve kortet når kortet er montert.
Viss du ser kortlesaren, men ikkje kortet, kan problemet liggje med sjølve kortet. Prøv eit anna kort eller sjekk kortet på ein annan lesar om mogleg.
Viss ingen kort eller stasjonar vert viste når du blar i Datamaskin —plasseringa, er det mogleg at kortlesaren din ikkje fungerer med Linux på grunn av drivarproblem. Viss kortlesaren din er intern (inne i datamaskina i staden for på utsida), er dette meir sannsynleg. Den beste løysinga er å kople eininga di (kamera, mobiltelefon, etc.) direkte til ein USB-port på datamaskina. USB-eksterne kortlesarar er også tilgjengelege, og er langt betre støtta av Linux.