Kva er GNOME Classic?

GNOME Classic er ein funksjon for brukarar som ønskjer ei meir tradisjonell skrivebordsoppleving. Sjølv om GNOME Classic er basert på moderne GNOME-teknologiar, gjev det ei rekkje endringar i brukargrensesnittet, slik som Appar- og Stader-menyane på topplinja, og ei vindusliste nedst på skjermen.

Du kan bruke Appar-menyen på topplinja til å opne appar.

Vindusliste

Vindaugelista nedst på skjermen gjev tilgang til alle opne vindauge og appar, og lèt deg raskt minimere og gjenopprette dei.

Oversynet Aktivitetar er tilgjengeleg ved å klikke på knappen til venstre i vindaugelista nedst.

For å få fram Aktivitetar-oversynet, kan du også trykkje Super-tasten.

På høgresida av vinduslista viser GNOME ein kort identifikator for det aktive arbeidsområdet, slik som 1 for det første (øvste) arbeidsområdet. I tillegg viser identifikatoren det totale talet på tilgjengelege arbeidsområde. For å byte til eit anna arbeidsområde kan du klikke på identifikatoren og velje arbeidsområdet du ønskjer å bruke frå menyen.

Byt mellom GNOME Classic og opphavleg

GNOME Classic er berre tilgjengeleg på system med visse GNOME Shell-utvidingar installerte. Enkelte Linux-distribusjonar har kanskje ikkje desse utvidingane tilgjengeleg eller installert som standard.

For å byte frå GNOME til GNOME Classic:

  1. Lagre alt arbeid som er ope, og logg deretter ut. Klikk på systemmenyen på høgresida av topplinja og vel deretter rett alternativ.

  2. Ei stadfestingsmelding vil dukke opp. Vel Logg ut for å stadfeste.

  3. På innloggingsskjermen, vel namnet ditt frå lista.

  4. Trykk på innstillingar-knappen nede til høgre.

  5. Vel GNOME Classic frå lista.

  6. Skriv inn passordet i passordfeltet.

  7. Trykk Enter.

For å byte frå GNOME Classic til GNOME:

  1. Lagra alt arbeid som er ope, og logg deretter ut. Klikk på systemmenyen på høgresida av topplinja, klikk på namnet ditt og vel så rett alternativ.

  2. Ei stadfestingsmelding vil dukke opp. Vel Logg ut for å stadfeste.

  3. På innloggingsskjermen, vel namnet ditt frå lista.

  4. Trykk på innstillingikonet nede til høgre.

  5. Vel GNOME frå lista.

  6. Skriv inn passordet i passordfeltet.

  7. Trykk Enter.