Vel filer etter mønster
Du kan velje filer i ei mappe ved hjelp av eit mønster i filnamnet. Trykk Ctrl+S for å få opp vindauget Vel element som samsvarar. Skriv inn eit mønster ved bruk av vanlege delar av filnamna pluss villkortteikn. Det er to villkortteikn tilgjengelege:
* passar til eit vilkårleg tal på vilkårlege teikn, til og med ingen teikn i det heile.
? passar nøyaktig med eit kva som helst teikn.
Til dømes:
-
Viss du har ei OpenDocument-tekstfil, ei PDF-fil og eit bilete som alle har det same basisnamnet Faktura, marker alle tre med mønsteret
Faktura.*
-
Viss du har nokre bilete som er namngjevne Vacation-001.jpg, Vacation-002.jpg, Vacation-003.jpg; vel alle med mønsteret
Ferie-???.jpg
-
Dersom du har bilete som før, men du har redigert nokre av dei og lagt til -redigert til slutt i filnamnet på bileta du har redigert, marker dei redigerte bileta med
Ferie-???-redigert.jpg