Ta trygt ut ein ekstern stasjon
Når du brukar eksterne lagringseiningar som USB-minnepinnar, bør du fjerna dei på trygt vis før du dreg dei ut. Om du berre dreg ut ei eining, kan du risikera å trekkja ut medan ein app framleis brukar ho. Dette kan føra til at nokre av filene dine vert tapte eller skadde. Når du brukar ei optisk disk som CD eller DVD, kan du bruka dei same stega for å kasta ut disken frå datamaskina di.
For å kaste ut ei flyttbar eining:
Frå Aktivitetar-oversynet, opne Filer.
-
Finn eininga i sidefeltet. Han skal ha eit lite utkastikon ved sidan av namnet. Klikk på utkastikonet for å fjerne eller kaste ut eininga på ein trygg måte.
Alternativt kan du høgreklikke på namnet til eininga i sidefeltet og velje Løys ut.
Fjern trygt eit apparat som er i bruk
Viss nokon av filene på eininga er opne og i bruk av ein app, vil du ikkje kunne fjerne eininga på ein trygg måte. Du vil få eit vindauge som seier Volumet er oppteke. Slik fjernar du eininga på ein trygg måte:
Klikk Avbryt.
Lukk alle filene på eininga.
Trykk på utkastikonet for å ta ut eller kaste ut eininga på ein trygg måte.
Alternativt kan du høgreklikke på namnet til eininga i sidefeltet og velje Løys ut.
Du kan også velje Kast likevel for å fjerne eininga utan å lukke filene. Dette kan føre til feil i appar som har desse filene opne.