Slett filer og mapper

Viss du ikkje lenger vil ha ei fil eller ei mappe, kan du slette ho. Når du slettar eit element, vert det flytta til Papirkorg, der det vert lagra til du tømmer papirkorga. Du kan gjenopprette element i Papirkorg til den opphavlege plasseringa dersom du bestemmer deg for at du treng dei, eller om dei vart sletta ved eit uhell.

Slik legg du ei fil i papirkorga:

  1. Vel elementet du vil leggje i papirkorga ved å klikke på det éin gong.

  2. Trykk Delete på tastaturet. Eller dra elementet til Papirkorg i sidefeltet.

Fila vert lagt i papirkorga, og du får opp eit val om å Angre slettinga. Angre-knappen vert synleg i eit par sekund. Vel du Angre, vert fila lagt tilbake til opphavleg plassering.

For å slette filer permanent, og frigjere diskplass på datamaskina, må du tømme papirkorga. For å tømme papirkorga, høgreklikk på Papirkorg i sidefeltet og vel Tøm papirkorga.

Slett ei fil permanent

Du kan slette ei fil permanent med ein gong, utan å måtte sende ho til papirkorga først.

For å slette ei fil permanent:

  1. Vel elementet du vil slette.

  2. Hald inne Shift-tasten, og trykk deretter Delete-tasten på tastaturet.

  3. Sidan du ikkje kan angre dette, vert du bedt om å stadfeste at du vil slette fila eller mappa.

Sletta filer på ein fjerbar eining vert kanskje ikkje synlege på andre operativsystem, som Windows eller Mac OS. Filene er framleis der, og vert tilgjengelege når du koplar eininga att til datamaskina di.