Ei fil eller ei mappe kan kopierast eller flyttast til ei ny plassering ved å dra og sleppe med musa, ved å bruke kommandoane kopier og lim inn, eller ved å bruke tastatursnarvegar.
Til dømes kan du ønskje å kopiere ein presentasjon til ein minnepinn slik at du kan ta ho med deg på jobb. Eller du kan lage ein sikkerheitskopi av eit dokument før du gjer endringar (og så bruke den gamle kopien om du ikkje likar endringane).
Desse instruksjonane gjeld både for filer og mapper. Du kopierer og flyttar filer og mapper på nøyaktig same måte.
Kopier og lim inn filer
Vel fila du vil kopiere ved å klikke på den éin gong.
Høgreklikk og vel Kopier, eller trykk Ctrl+C.
Gå til ei anna mappe, der du vil leggje kopien av fila.
Høgreklikk og vel Lim inn for å fullføre kopieringa av fila, eller trykk Ctrl+V. Det vil no vere ein kopi av fila i opphavleg mappe og den andre mappa.
Klipp og lim filer for å flytte dei
Vel fila du vil flytte ved å klikke på ho ein gong.
Høgreklikk og vel Klipp ut, eller trykk Ctrl+X.
Naviger til ei anna mappe der du vil flytte fila.
Høgreklikk og vel Lim inn for å flytte ferdig fila, eller trykk Ctrl+V. Fila vert teken ut av den opphavlege mappa og flytta til den andre mappa.
Dreg filer for å kopiere eller flytte
Opne filhandsamaren og gå til mappa som inneheld fila du vil kopiere.
Trykk på menyknappen i sidefeltet i vindauget og vel Nytt vindauge (eller trykk Ctrl+N) for å opne eit nytt vindauge. I det nye vindauget navigerer du til mappa der du vil flytte eller kopiere fila.
Klikk og dra fila frå eit vindauge til eit anna. Dette vil flytte ho om målet er på same eining, eller kopiere ho om målet er på ei anna eining.
Til dømes, viss du dreg ei fil frå ein USB-minnepinn til Home-mappa di, vert ho kopiert, fordi du dreg frå ei eining til ei anna.
Du kan tvinge fila til å verte kopiert ved å halde inne Ctrl-tasten medan du dreg, eller tvinge ho til å verte flytta ved å halde inne Shift-tasten medan du dreg.
Du kan ikkje kopiere eller flytte ei fil inn i ei mappe som er skriveverna. Somme mapper er skriveverna for å hindre at du gjer endringar i innhaldet. Du kan endre frå skriveverna ved å endre filtilgangar .