Stil skjermlysstyrke

Alt etter maskinvara din kan du endre lysstyrken på skjermen for å spare straum eller for å gjere skjermen lettare å lese i sterkt lys.

For å endre lysstyrken på skjermen din, klikkar du på systemmenyen på høgresida av topplinja og justerer glidebrytaren for skjermlysstyrke til den verdien du vil bruke. Endringa skal tre i kraft med ein gong.

Mange berbare tastatur har eigne tastar for å justere lysstyrken. Desse har ofte eit bilete som liknar på sola. Hald inne Fn-tasten for å bruke desse tastane.

Om datamaskina di har ein integrert lyssensor, vert skjermlysstyrken automatisk justert for deg. For meir informasjon, sjå Slå på automatisk lysstyrke.

Dersom det er mogleg å stille inn lysstyrken på skjermen, kan du også la skjermen dimme automatisk for å spare straum. For meir informasjon, sjå Kvifor vert skjermen min mørk etter ei stund?.