Sjekk harddisken din for problem

Kontrollerer harddisken

Harddiskar har eit innebygd verktøy for helsesjekk kalla SMART (Sjølvovervaking, analyse og rapporteringsteknologi), som kontinuerleg sjekkar disken for moglege problem. SMART varslar deg også om disken står i fare for å svikte, og hjelper deg slik å unngå tap av viktige data.

Sjølv om SMART køyrer automatisk, kan du òg sjekke tilstanden til disken din ved å køyre Diskar-appen:

Sjekk helsa til disken din med appen Diskar

  1. Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel disken du vil sjekke frå lista over lagringseiningar til venstre. Informasjon og status for disken vert vist.

  3. Trykk på menyknappen og vel SMART-data og sjølvtestar …. Samla vurdering skal seie «Disken er OK».

  4. Sjå meir informasjon under SMART-attributtar, eller klikk på Start sjølvtest-knappen for å køyre ein sjølvtest.

Kva om disken ikkje er sunn?

Sjølv om Samla vurdering viser at disken ikkje er frisk, treng det ikkje vere grunn til uro. Men det er betre å vere førebudd med sikringskopi for å hindre tap av data.

Viss statusen seier «Pre-fail», er disken framleis rimeleg frisk, men det er oppdaga teikn på slitasje som kan tyde på at han kan svikte i nær framtid. Viss harddisken din (eller datamaskina) er nokre år gamal, vil du truleg sjå denne meldinga ved minst nokre av helsesjekkane. Du bør ta sikkerheitskopi av dei viktige filene dine jamleg og sjekke diskstatusen med jamne mellomrom for å sjå om han vert verre.

Dersom det vert verre, kan det vere lurt å ta datamaskina/harddisken til ein fagperson for vidare diagnose eller reparasjon.