Sjå kor mykje diskplass som er att

Du kan sjekke kor mykje diskplass som er att med Analyse av diskplass, Systemovervakar eller Usage.

Sjå med Diskbruk-analysator

For å sjekke ledig diskplass og diskkapasitet med Analyse av diskplass:

  • Opne Analyse av diskplass frå Aktivitetar-oversynet. Vindauget vil vise ei liste over filplasseringar saman med bruken og kapasiteten til kvar av dei.

  • Klikk på eit av elementa i lista for å sjå eit detaljert samandrag av bruken for det elementet. Klikk på menyknappen, og så Skann mappe… for å skanne ein annan plassering.

Informasjonen vert vist etter Mappe, Storleik, Innhald og når data vart sist Endra. Sjå fleire detaljar i Analyse av diskplass.

Sjå med Systemovervaking

For å sjekke ledig diskplass og diskstorleik med Systemovervakar:

  1. Opne appen Systemovervakar frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel Fil-system-fana for å sjå systemet sine partisjonar og korleis diskplassen vert brukt. Informasjonen vert vist etter Totalt, Ledig, Tilgjengeleg og Brukt.

Sjå med bruken

For å sjekke ledig diskplass og diskkapasitet med Bruk:

  1. Opne Bruk-appen frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel Lagring-fana for å sjå systemet sin totale Brukt og Ledig diskplass, samt brukt av Operativsystem og vanlege brukarkatalogar.

Frigjer diskplass frå brukaren sine mapper og undermapper ved å krysse av i boksen ved mappenamnet.

Kva viss disken er for full?

Viss disken er for full bør du:

  • Slett filer som ikkje er viktige eller som du ikkje kjem til å bruke meir.

  • Lag sikkerheitskopiar av dei viktige filene som du ikkje treng på ei stund og slett dei frå harddisken.