Legg til eller fjern ein kontakt

For å leggje til ein kontakt:

  1. Trykk på +-knappen.

  2. I Ny kontakt-vindauget skriv du kontaktnamnet og informasjon om personen. Trykk på rullegardinmenyen ved kvart felt for å velje kva type detalj det er.

  3. For å leggje til fleire detaljar, trykk på Vis meir-valet.

  4. Trykk på Legg til for å lagre kontakten.

For å fjerne ein kontakt:

  1. Vel kontakten frå kontaktlista di.

  2. Trykk på Vis meir-knappen i øvre høgre hjørne i topplinja.

  3. Trykk på Slett-valet for å fjerne kontakt.

For å fjerne éin eller fleire kontaktar, merk av i boksane ved sida av dei kontaktane du vil slette og trykk Fjern.