Legg til ei verdsklokke

Bruk Klokke for å leggje til klokkeslett i andre byar.

Dette krev at Klokke-appen er installert.

Dei fleste distribusjonar kjem med Klokke førehandsinstallert. Om din ikkje har det, må du kanskje installere det med pakkehandteraren til din distribusjon.

For å leggje til ei verdsklokke:

  1. Trykk på klokka i den øvste linja.

  2. Klikk på Legg til verdsklokker …-knappen under kalenderen for å opne Klokke.

    Viss du allereie har éin eller fleire verdsklokker, klikk på ein og Klokke vil opnast.

  3. I vindauget Klokke, klikk på + knappen eller trykk Ctrl+N for å leggje til ein ny by.

  4. Byrje å skrive namnet på byen i søket.

  5. Vel rett by eller næraste plassering frå lista.

  6. Trykk Legg til for å fullføre å leggje til byen.

Sjå Hjelp for Klokker for meir om kva Klokke kan.