Endre dato og klokkeslett
Dersom dato og klokkeslett øvst er feil eller i feil format, kan du endre dei:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Dato og klokkeslett for å opne panelet.
Viss du har Automatisk dato og klokkeslett-brytaren på, vert dato og klokkeslett oppdatert automatisk så lenge du er på nett. For å oppdatere dato og klokkeslett manuelt, slår du denne av.
Trykk Dato og klokkeslett, og juster deretter dato og klokkeslett.
Du kan endre korleis timen vert vist ved å velje 24-timarsformat eller AM/PM for Tidsformat.
Du vil kanskje også setje tidssona manuelt.