Kvar du vil lagre sikkerheitskopien din
Du bør lagre sikkerheitskopiar av filene dine ein stad fråskild frå datamaskina — til dømes på ein ekstern harddisk. På den måten vil sikkerheitskopien framleis vere intakt om datamaskina går i stykke, eller vert mista eller stolen. For maksimal tryggleik bør du ikkje ha sikkerheitskopien i same bygning som datamaskina. Om det oppstår brann eller tjuveri, kan begge kopiane av dataa gå tapt om dei vert lagra saman.
Det er viktig å velje eit passande sikkerheitsmedium òg. Du må lagre sikkerheitskopiane dine på ei eining som har nok lagringskapasitet til alle filene som er sikkerheitskopierte.
Lokale og fjerne lagringsalternativ
USB-minnepenn (låg kapasitet)
Intern harddisk (stor kapasitet)
Ekstern harddisk (typisk høg kapasitet)
Nettverkstilknytt stasjon (høg kapasitet)
Fil/tenar for sikkerheitskopi (høg kapasitet)
Skrivbare CD-ar eller DVD-ar (låg/middels kapasitet)
Teneste for lagring på nett (Amazon S3, til dømes; kapasitet avheng av pris)
Nokre av desse vala har nok kapasitet til å tillate ei sikkerheitskopi av kvar fil på systemet ditt, også kjent som ei fullstendig sikkerheitskopi av systemet.