Kva du vil ta sikkerheitskopi av

Prioriteten din bør vere å ta sikkerheitskopi av dei viktigaste filene dine, og dei som er vanskelege å gjenskape. Til dømes, rangert frå viktigast til minst viktig:

Dine personlege filer

Dette kan omfatte dokument, rekneark, e-post, kalenderaver — økonomiske data, familiebilete eller andre personlege filer som du vil rekne som uerstattelege.

Dine personlege innstillingar

Dette inkluderer endringar du kan ha gjort på fargar, bakgrunnar, skjermoppløysing og museinnstillingar på skrivebordet ditt. Dette inkluderer også innstillingar for appen LibreOffice, musikkspelaren din og e-postprogrammet ditt. Desse kan bytast ut, men det kan ta litt tid å gjenskape dei.

Systeminnstillingar

Dei fleste endrar aldri systeminnstillingane som vert laga under installasjonen. Om du likevel tilpassar systeminnstillingane av ein eller annan grunn, eller om du brukar datamaskina som ein tenar, kan du gjerne ta sikkerheitskopi av desse innstillingane.

Installert programvare

Programvara du brukar kan som regel gjenopprettast ganske fort etter eit alvorleg dataproblem ved å installere det på nytt.

Generelt vil du gjerne ta sikkerheitskopi av filer som ikkje kan erstattast og filer som krev mykje tid å erstatte utan sikkerheitskopi. Om ting er enkle å erstatte, vil du derimot kanskje ikkje bruke opp diskplass på å ha sikkerheitskopiar av dei.