Hyppigheit for sikkerheitskopi

Kor ofte du tek sikkerheitskopi vil avhenge av kva type data som skal sikkerheitskopierast. Om du til dømes køyrer eit nettverksmiljø med kritiske data lagra på tenarane dine, vil kanskje ikkje eingong nattlege sikkerheitskopiar vere nok.

På den andre sida, viss du tek sikkerheitskopi av data på heimedatamaskina di, vil det truleg vere unødvendig med sikkerheitskopi kvar time. Du vil kanskje synast det er nyttig å vurdere følgjande punkt når du planlegg sikkerheitskopiseringsplanen din:

  • Tida du brukar på datamaskina.

  • Kor ofte og kor mykje data på datamaskina endrar seg.

Om dataa du vil ta sikkerheitskopi av har lågare prioritet, eller endrar seg sjeldan, som musikk, e-postar og familiebilete, kan vekentlege eller til og med månadlege sikkerheitskopiar vere nok. Men om du tilfeldigvis er midt i eit skatteoppgjer, kan hyppigare sikkerheitskopiar vere nødvendig.

Som hovudregel bør tida mellom sikkerheitskopiar ikkje vera lengre enn den tida du er villig til å bruke på å gjere opp att tapt arbeid. Viss det til dømes er for lenge for deg å bruke ei veke på å skrive om tapte dokument, bør du ta sikkerheitskopi minst éin gong i veka.