Sjå over sikkerheitskopien din
Etter at du har ta sikkerheitskopi av filene dine, bør du forsikre deg om at sikkerheitskopieringa var vellukka. Om det ikkje fungerte ordentleg, kan du miste viktige data sidan nokre filer kan mangle frå sikkerheitskopien.
Når du brukar Filer til å kopiere eller flytte filer, sjekkar datamaskina at all data vert overført korrekt. Men viss du overfører data som er svært viktig for deg, vil du kanskje utføre ekstra kontrollar for å stadfeste at dataa dine er overførte på rett måte.
Du kan gjere ei ekstra kontroll ved å gå gjennom kopierte filer og mapper på målmediet. Ved å sjekke at filene og mappene du overførte faktisk er der i sikkerheitskopien, kan du vere ekstra trygg på at prosessen var velukka.
Viss du ser at du gjer regelmessige sikkerheitskopiar av store mengder data, kan det vere lettare å bruke eit eige sikkerheitskopieringsprogram, som Déjà Dup. Eit slikt program er kraftigare og meir påliteleg enn berre å kopiere og lime inn filer.