Fjern ein konto
Du kan fjerne ein nettkonto som du ikkje lenger ønskjer å bruke.
Mange nettbaserte tenester gjev eit autorisasjonstoken som skrivebordet ditt lagrar i staden for passordet ditt. Om du fjernar ein konto, bør du òg trekkje tilbake det sertifikatet i den nettbaserte tenesta. Dette vil sikre at ingen andre app eller nettstad kan kople seg til den tenesta med autorisasjonen for skrivebordet ditt.
Korleis du trekkjer tilbake autorisasjonen avheng av tenestetilbydaren. Sjekk innstillingane dine på tilbydaren si nettstad for autoriserte eller tilkopla appar eller nettstadar. Leite etter ein app kalla «GNOME» og fjern han.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettkontoar.
Klikk på Nettkontoar for å opne vindauget.
Vel kontoen du vil fjerne.
Trykk på --knappen i det nedre venstre hjørnet av vindauget.
Trykk Fjern i stadfestingsvindauget.
I staden for å slette kontoen heilt, er det mogleg å avgrense tenestene som skrivebordet ditt har tilgang til.