Oppdag informasjon om systemmaskinvara di
Å vite kva maskinvare som er installert, kan hjelpe deg å forstå om ny programvare eller maskinvare vil vere kompatibel med systemet ditt.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Om for å opne vindauget.
Sjå på informasjonen som er oppført under Maskinvaremodell, Prosessor, Minne og så bortetter.
Informasjon kan kopierast frå kvart element ved å velje det og deretter kopiere til utklippstavla. Dette gjer det enkelt å dele informasjon om systemet ditt med andre.