Lyser opp skjermen for varsellyd
Datamaskina di vil spele eit enkelt varsellyd for visse typar meldingar og hendingar. Om du har vanskar med å høyre desse lydane, kan du få anten heile skjermen eller det noverande vindauget til å blinke visuelt kvar gong varsellyden vert spelt.
Dette kan også vere nyttig om du er i eit miljø der du treng at datamaskina er lydlaus, slik som på eit bibliotek. Sjå Vel eller slå av varsellyden for å lære korleis du dempar varsellyden, og så slå på visuelle varsel.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tilgjenge.
Klikk på Tilgjenge for å opne panelet.
Vel Høyrsle-delen for å opne han.
I Visuelle varsel-delen slår du Visuelle varsel-brytaren på.
Under Blitsområde, vel om du vil at heile skjermen eller berre det noverande vindauget skal blinke.
Du kan raskt slå visuelle varsel på og av ved å klikke på tilgjenge-ikonet øvst i verktøylinja og velje Visuelle varsel.