Tilpassa CSS
Nett lèt deg setje opp eit tilpassa CSS for å endre utsjånaden på kvar nettlese du vitjar. Du vil kanskje gjere dette for å setje ein føretrekt fontstorleik eller fargeskjema.
Trykk på menyknappen øvst i høgre hjørne av vindauget og vel Innstillingar ▸ Utsjånad.
Under avsnittet Stil, slå på Bruk tilpassa stilark.
Trykk på pennikonet.
Standardteksteditoren din vil opnast. Legg til tilpassa CSS-en din og lagre fila.
Eit døme på eit tilpassa CSS:
body{
/*Make everything upside-down*/
-webkit-transform: rotate(180deg);
}Ditt tilpassa CSS vil overstyre stilarket på sider du vitjar etter at du har slått det på.