Privat nettlesing
Privat nettlesing er ein modus som avgrensar korleis datamaskina di og nettstader kan få tilgang til nettlesingsopplysningane dine. Det er nyttig dersom du til dømes vil låne bort datamaskina til ein ven, for å sjekke e-posten deira med webmail, fordi du ikkje vil vere innlogga på nokon nettstader i det private nettlesingsvindauget, og opplysningane deira vil heller ikkje verte lagra. Du vil kanskje føretrekkje å bruke inkognito-modus for å få tilgang til sensitive nettstader som nettbank og tvilsamt innhald, fordi data som nettstader tidlegare har lagra på datamaskina di ikkje vil vere tilgjengelege for nettstadene når du nettlesar i inkognito-modus.
Inkognito-modus vil ikkje hindre nettstader frå å spore nettlesinga di. Om du treng å surfe anonymt på nettet, bør du bruke ei kommersiell VPN-teneste.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og vel Nytt inkognitovindauge.
Surf på nettet i inkognitomodus.
Avslutt den private økta ved å lukke inkognitovindauget.
Du kan skilje privat nettlesing frå normal nettlesing ved vassmerket for inkognitovindauget:
