Vel lagringsinnstilling for nettstaden

Du kan velje om du vil ta imot nettstadsdata og frå kva nettstader.

  1. Trykk på menyknappen i øvre høgre hjørne av vindauget og vel Innstillingar ▸ Personvern.

  2. Vel om du vil ta imot nettstadsdata.

Nettstadsdata omfattar informasjonskapslar, databasar og lokale lagringsdata.

Ein nettlesarkapsel er eit lite datastykke sendt frå ei nettside og lagra på datamaskina di medan du vitjar den nettsida. Når du vitjar den same nettsida seinare, kan data lagra i kapselen hentast av nettsida for å varsle nettsida om tidlegare aktivitet. Kapslar er ein vanleg metode brukt av tenarar for å vite om du er innlogga på ein konto på ei bestemt nettside eller ikkje.

Viss du ikkje godtek lagring av nettstadsdata, kan du oppleve problem på enkelte nettstader som å logge inn på kontoane dine, lagre innstillingane dine eller ikkje kunne leggje varer i handlekorga. Det vert tilrådd å la nettstadsdata vere påslått.